I 2007 la eit tverrfakultært utval som var nedsett av universitetsleiinga, fram eit forslag om å opprette eit ”Senter for islamske studier” ved UiO. Av ulike grunnar har det vist seg vanskeleg å få til eit tverrfakultært senter slik utvalet såg for seg. Det har også vore ulike syn på korleis arbeidsdelinga burde vere mellom ulike fakultet (HF, TF, Jus og SV) som alle kvar på sitt vis har ønskt å vere med på å vidareutvikle det utdannings- og forskingsfeltet som i forslaget frå 2007 vart kalla ”islamske studiar”.
Det siste året har det blitt tatt to initiativ som vil kunne konsolidere og vidareutvikle islamstudiar ved UiO. HF sitt Institutt for kulturstudier og orientalske språk (IKOS) lanserte på forsommaren sitt ”Senter for islam- og Midtøstenstudier”. Samtidig annonserte TF at ein ønskte å satse sterkare på det fakultetet kallar ”teologiske islamstudiar”. I ordvekslinga denne veka presenterer Bjørn Olav Utvik det nye IKOS-senteret, og Oddbjørn Leirvik skriv i sin respons om den nye TF-satsinga.
Ser vi no konturane av ei fagleg grunngitt arbeidsdeling innanfor det breie feltet ”islamstudiar”?
|
Nytt tverrfaglig forskningssenter ved IKOS |
|
Relasjonelle og teologiske islamstudier |
|
Av Bjørn Olav Utvik
SIMS tar sikte på å samle den samfunnsvitenskapelige islamforskningen ved IKOS og UiO for øvrig. Forskere tilknyttet senteret arbeider med islam i bred forstand, og er involvert i en rekke større programmer og prosjekter. Senteret involverer over 40 forskere, og har et bredt kontaktnett i inn-og utland.
|
|
Av Oddbjørn B. Leirvik
Ved å trekkje på brei, etablert kompetanse innanfor dei teologiske kjernefaga forsøker Det teologiske fakultet med innføringa av teologiske islamstudier å gje sitt distinkte bidrag til islamforskinga ved UiO. Det ser ut til at HF og TF sine planar for islamstudier har gode føresetnader for å utfylle kvarandre.
|